1. Samuelsbok 11:5-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. I same stunda kom Saul frå åkeren med oksane sine, og han spurde: «Kva er i vegen med folket sidan dei græt?» Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt.

6. Då Saul høyrde det, kom Guds ande over han, og han vart brennande harm.

7. Han tok eit spann oksar og skar dei opp i stykke som han sende rundt i heile Israel med denne bodskapen: «Slik skal det gjerast med oksane til den som ikkje dreg ut med Saul og Samuel.» Då kom ei redsle for Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein.

8. Saul mønstra dei i Besek; det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.

1. Samuelsbok 11