11. Dagen etter delte Saul folket i tre avdelingar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren. Då dagen var på det heitaste, hadde dei slege ammonittane. Dei som overlevde, vart spreidde. Det var ikkje att to mann på same staden.
12. Folket sa til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Lat oss få tak i dei mennene og drepa dei!»
13. Men Saul sa: «På denne dagen skal ingen drepast, for i dag har Herren gjeve Israel siger.»
14. Samuel sa til folket: «Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der.»
15. Då drog heile folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for Herrens andlet. Dei ofra fredsoffer til Herren, og Saul og alle israelittane gledde seg stort.