1. Samuelsbok 11:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein månad etter}} gjorde ammonitten Nahasj ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Og alle i Jabesj sa til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.»

2. Men ammonitten Nahasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auget på dykk alle, til vanære for heile Israel.»

3. Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»

4. Då sendeboda kom til Sauls Gibea, bar dei ærendet sitt fram for folket, og heile folket brast i gråt.

5. I same stunda kom Saul frå åkeren med oksane sine, og han spurde: «Kva er i vegen med folket sidan dei græt?» Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt.

6. Då Saul høyrde det, kom Guds ande over han, og han vart brennande harm.

1. Samuelsbok 11