16. «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rette», svara Saul. Men det som Samuel hadde sagt om kongsmakta, fortalde han ikkje til onkelen.
17. Sidan kalla Samuel folket saman til Herren i Mispa.
18. Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå handa til egyptarane og frå alle dei andre rika som undertrykte dykk.
19. Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og de har sagt: Nei, set ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens andlet, stamme for stamme og slekt for slekt!»
20. Samuel lét alle Israels stammar stiga fram, og loddet fall på Benjamin-stammen.
21. Så lét han Benjamin-stammen koma fram, slekt for slekt, og loddet fall på Matri-greina. Deretter fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.
22. Då spurde dei Herren ein gong til: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg blant krigsutstyret.»
23. Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre.
24. Og Samuel sa til folket: «Her ser de han som Herren har valt ut! Det finst ikkje hans like i heile folket.» Og heile folket sette i eit hyllingsrop: «Leve kongen!»
25. Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok som han la ned for Herrens andlet. Sidan sende han folket heim, kvar til sitt.
26. Saul drog òg heim til Gibea, og med han følgde det nokre djerve menn. Gud hadde rørt ved hjartet deira.
27. Men nokre gudlause menn sa: «Kva hjelp kan denne mannen gje oss?» Dei forakta han og kom ikkje med hyllingsgåve til han.{{Nahasj, kongen over ammonittane, undertrykte gadittane og rubenittane med makt. Han stakk ut det høgre auget på dei, og det fanst ingen redningsmann for Israel. Det var ikkje att nokon israelitt på den andre sida av Jordan som ikkje Nahasj, kongen over ammonittane, hadde stukke ut høgre auget på. Men sjå, sju tusen mann berga seg frå handa åt ammonittane, og dei kom til Jabesj i Gilead.