11. Alle som kjende han, såg at han tala profetisk saman med profetane. Dei sa til kvarandre: «Kva har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?»
12. Ein mann derifrå sa: «Kven er då far deira?» Slik er det vorte eit ordtak: «Er Saul òg mellom profetane?»
13. Då den profetiske gløden var over og Saul kom til offerhaugen,
14. sa onkelen hans til han og tenesteguten hans: «Kvar har de vore?» «På leiting etter eselhoppene», svara han, «og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.»
15. Då sa onkelen: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.»
16. «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rette», svara Saul. Men det som Samuel hadde sagt om kongsmakta, fortalde han ikkje til onkelen.
17. Sidan kalla Samuel folket saman til Herren i Mispa.
18. Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå handa til egyptarane og frå alle dei andre rika som undertrykte dykk.
19. Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og de har sagt: Nei, set ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens andlet, stamme for stamme og slekt for slekt!»
20. Samuel lét alle Israels stammar stiga fram, og loddet fall på Benjamin-stammen.
21. Så lét han Benjamin-stammen koma fram, slekt for slekt, og loddet fall på Matri-greina. Deretter fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han.
22. Då spurde dei Herren ein gong til: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg blant krigsutstyret.»
23. Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre.