1. Samuel tok ei oljekrukke og helte oljen ut over hovudet til Saul. Han kyste Saul og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin.
2. Når du går frå meg i dag, møter du to menn ved Rakels grav i Selsah i Benjamin-landet. Dei seier til deg: Eselhoppene som du drog ut for å leita etter, er komne til rette. Far din tenkjer ikkje på dei lenger, men er redd for dykk og seier: Kva skal eg gjera for son min?
3. Når du går vidare derifrå og kjem til Tabor-eika, møter du tre menn som er på veg opp til Betel for å tilbe Gud. Den eine ber tre kje, den andre tre runde brød og den tredje ein skinnsekk med vin.
4. Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot.
5. Så kjem du til Guds Gibea, der filistrane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, treffer du ein flokk profetar som kjem ned frå offerhaugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei gripne av profetisk glød.
6. Då kjem Herrens ande over deg så du òg kjem i profetisk glød saman med dei og blir eit anna menneske.
7. Når du ser desse teikna, så gjer det du maktar! For Gud er med deg.
8. Gå føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og ofra brennoffer og fredsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier deg kva du skal gjera.»
9. Då Saul snudde seg for å gå frå Samuel, gav Gud han eit anna hjarte. Og same dagen hende alle desse teikna.
10. Han kom til Gibea, der han møtte ein flokk profetar. Då kom Guds ande over han, og han vart gripen av profetisk glød saman med dei.
11. Alle som kjende han, såg at han tala profetisk saman med profetane. Dei sa til kvarandre: «Kva har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?»
12. Ein mann derifrå sa: «Kven er då far deira?» Slik er det vorte eit ordtak: «Er Saul òg mellom profetane?»
13. Då den profetiske gløden var over og Saul kom til offerhaugen,
14. sa onkelen hans til han og tenesteguten hans: «Kvar har de vore?» «På leiting etter eselhoppene», svara han, «og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.»
15. Då sa onkelen: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.»
16. «Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rette», svara Saul. Men det som Samuel hadde sagt om kongsmakta, fortalde han ikkje til onkelen.
17. Sidan kalla Samuel folket saman til Herren i Mispa.