14. og han sa til henne: «Kor lenge vil du visa deg full? Sjå til å få rusen av deg!»
15. «Nei, herre», svara Hanna, «eg er ei kvinne som ber på ei tung sorg. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke. Men eg har tømt hjartet mitt for Herrens andlet.
16. Hald ikkje tenestekvinna di for ei dårleg kvinne! For heile tida tala eg ut av mi store sorg og naud.»
17. Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.»
18. Hanna svara: «Måtte du sjå med velvilje på tenestekvinna di!» Så gjekk ho sin veg, åt og var ikkje lenger så sorgfull.
19. Morgonen etter stod dei tidleg opp og tilbad Herren. Så gav dei seg på heimveg og kom til Rama. Og då Elkana igjen var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug.
20. Før året var ute, vart ho med barn og fødde ein son. Ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han», sa ho.
21. Elkana drog opp att med heile sitt hus for å bera fram det årlege slaktofferet og lovnadsofferet for Herren,
22. men Hanna vart ikkje med. Ho sa til mannen sin: «Når guten er avvand, vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.»
23. «Gjer som du tykkjer best», svara mannen hennar, Elkana. «Ver heime til du har vant han av! Måtte Herren setja sitt ord i verk!» Så heldt kvinna seg heime og amma sonen til han var avvand.
24. Då ho hadde vant han av, tok ho han med opp til Herrens hus i Sjilo. Ho hadde med seg ein treårsgammal okse, ein efa mjøl og ein skinnsekk med vin. Guten {{var med dei, og dei førte han fram for Herren. Og far hans slakta slaktofferet, slik han gjorde kvart år for Herren.
25. Han førte fram}} guten og slakta oksen. Hanna, mor hans, kom fram for Eli med guten.