11. Ho gav ein lovnad og sa: «Herre over hærskarane! Sjå til di tenestekvinne i hennar naud. Kom meg i hug og gløym ikkje tenestekvinna di, men lat meg få ein son. Så vil eg gje han til Herren for heile hans levetid, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.»
12. Slik bad Hanna lenge for Herrens andlet, og Eli følgde munnen hennar med auga.
13. For Hanna bad stilt, i hjartet sitt. Berre leppene hennar rørte seg, røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var full,
14. og han sa til henne: «Kor lenge vil du visa deg full? Sjå til å få rusen av deg!»