14. Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld, for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk.
15. Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre.
16. Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
17. For no er tida komen då dommen skal ta til, og han skal ta til med Guds hus. Men kjem dommen over oss først, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium?