1. Peter 4:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når Kristus no har lide i kroppen, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide i kroppen, har gjort seg ferdig med synda.

2. Difor skal du ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stunda du har att å leva i kroppen.

3. Det er nok at de tidlegare har levd slik heidningane vil, i skamløyse og lyst, i festing, drikk og svir og i avskyeleg avgudsdyrking.

4. No undrar dei seg over at de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av utskeiingar saman med dei, og dei spottar dykk.

5. Men dei skal gjera rekneskap for han som står ferdig til å dømma levande og døde.

1. Peter 4