4. men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.
5. For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var underordna mennene sine,
6. liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og de har vorte hennar døtrer når de gjer det gode og ikkje lèt noko skremma dykk.
7. Like eins de menn: Vis omtanke i samlivet med kvinna, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje blir hindra.
8. Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke.
9. Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.
10. Den som vil elska livet og sjå gode dagar, må halda tunga frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale.
11. Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred.