1. På same måten skal de kvinner vera mennene dykkar underordna. Slik kan dei mennene som ikkje vil tru på Ordet, bli vunne – ikkje med ord, men med det livet kona lever,
2. når dei ser dykkar reine ferd i gudsfrykt.
3. Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,
4. men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.