13. Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.
14. Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.
15. Han som kalla dykk, er heilag. Slik skal de òg vera heilage i all dykkar ferd.
16. For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17. De påkallar Gud som far, han som ikkje gjer forskjell på folk, men dømmer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg leva i gudsfrykt den tid de er her som framande.