6. Farao sa: «Dra berre opp og gravlegg far din, slik han lét deg sverja.»
7. Så drog Josef opp for å gravleggja far sin. Alle tenarane til farao, dei eldste i faraos hus og dei eldste i landet drog opp saman med Josef.
8. Heile Josefs hus, brørne og farshuset hans var òg med. Berre dei små borna, småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen.
9. Han hadde òg med seg vogner og ryttarar, så det vart eit stort følgje.
10. Dei kom til Goren-Haatad, som ligg på den andre sida av Jordan, og heldt der ei stor og verdig sørgjehøgtid. Josef sørgde over far sin i sju dagar.
11. Kanaanearane som budde i landet, såg sørgjehøgtida i Goren-Haatad og sa: «Det er ei verdig sørgjehøgtid egyptarane held.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på den andre sida av Jordan.
12. Sønene gjorde med Jakob som han hadde bode dei.
13. Dei førte han til Kanaan og gravla han i hòla på Makpela-marka, austafor Mamre, det jordstykket Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad.
14. Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob.