1. Mosebok 50:18-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han og sa: «Sjå, vi er dine tenarar.»

19. Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?

20. De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag.

21. Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira.

22. Josef vart buande i Egypt, både han og farshuset hans. Han vart 110 år gammal.

23. Josef fekk sjå borna til Efraim i tredje ledd. Og borna til Makir, son til Manasse, vart fødde på knea til Josef.

24. Josef sa til brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud skal sjå til dykk og føra dykk opp frå dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jakob.»

25. Og Josef tok Israels-sønene i eid og sa: «Når Gud ser til dykk, då skal de føra knoklane mine med herifrå.»

26. Så døydde Josef, 110 år gammal. Dei balsamerte han, og han vart lagd i ei kiste i Egypt.

1. Mosebok 50