1. Mosebok 50:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob.

15. Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Berre no ikkje Josef legg oss for hat og gjev oss att for alt det vonde vi har gjort mot han!»

16. Så sende dei bod til Josef og sa: «Før han døydde, baud far din

17. at vi skulle seia dette til deg: Kjære, tilgjev brørne dine den uretten dei gjorde då dei synda og handla vondt mot deg. Tilgjev no uretten som er gjord av oss som tener din fars Gud.» Josef gret då dei tala slik til han.

18. Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han og sa: «Sjå, vi er dine tenarar.»

19. Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?

20. De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag.

21. Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira.

22. Josef vart buande i Egypt, både han og farshuset hans. Han vart 110 år gammal.

23. Josef fekk sjå borna til Efraim i tredje ledd. Og borna til Makir, son til Manasse, vart fødde på knea til Josef.

1. Mosebok 50