1. Mosebok 5:23-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Henok levde i 365 samfulle år.

24. Henok vandra med Gud. Så var han ikkje meir, for Gud tok han til seg.

25. Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek.

26. Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer.

27. Metusjalah levde i 969 samfulle år. Så døydde han.

1. Mosebok 5