10. Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer.
11. Enosj levde i 905 samfulle år. Så døydde han.
12. Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel.
13. Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer.
14. Kenan levde i 910 samfulle år. Så døydde han.
15. Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared.
16. Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer.
17. Mahalalel levde i 895 samfulle år. Så døydde han.
18. Då Jared var 162 år, fekk han sonen Henok.
19. Etter at Jared hadde fått Henok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.
20. Jared levde i 962 samfulle år. Så døydde han.
21. Då Henok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah.
22. Henok vandra med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer.
23. Henok levde i 365 samfulle år.