1. Mosebok 48:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!»

10. Israels auge var tyngde av alder, så han kunne mest ikkje sjå. Josef førte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei.

11. Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle få sjå andletet ditt att, men no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»

12. Så tok Josef dei ned frå fanget hans og bøygde seg med andletet mot jorda.

13. Sidan tok Josef begge to og leidde dei fram til han, Efraim i den høgre handa, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre handa, til høgre for Israel.

1. Mosebok 48