1. Mosebok 46:19-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Sønene til Rakel, kona til Jakob, var Josef og Benjamin.

20. Josef fekk born i Egypt. Asenat, dotter til presten i On, Potifera, fødde han Manasse og Efraim.

21. Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Naaman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard.

22. Dette var sønene til Rakel, som ho fødde Jakob, fjorten i talet.

23. Son til Dan: Husjim;

24. sønene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem.

25. Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fødde ho Jakob, sju i talet.

26. Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans.

27. Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet.

28. Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen.

29. Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans.

30. Så sa Israel til Josef: «No kan eg døy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!»

31. Josef sa til brørne sine og dei andre i familien: Eg vil dra opp og fortelja dette til farao. Eg vil seia at brørne mine og familien min, som var i Kanaan, har kome til meg.

32. Mennene er gjetarar og lever av buskapen sin. Småfeet og storfeet og alt dei eig, har dei teke med seg.

1. Mosebok 46