1. Så braut Israel opp med alt det han hadde. Då han kom til Beer-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud til Isak, far hans.
2. Gud tala til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Her er eg.»
3. Så sa han: «Eg er Gud, Gud til far din. Ver ikkje redd for å dra ned til Egypt, for eg vil gjera deg til eit stort folk der.
4. Eg går med deg ned til Egypt, men eg skal føra deg opp att òg. Og handa til Josef skal lukka auga dine.»
5. Så reiste Jakob frå Beer-Sjeba. Israels-sønene lyfte Jakob, far sin, kvinnene og borna opp i vognene som farao hadde sendt for å henta han.