1. Mosebok 45:8-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt.

9. Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje!

10. Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig.

11. Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.»

12. No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk.

13. Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far.

14. Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans.

15. Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han.

16. Då dei fekk høyra i huset til farao at brørne til Josef var komne, vart farao og tenarane hans glade.

17. Farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Dette skal de gjera: Less på dyra dykkar og far heim att til Kanaan!

18. Ta så far dykkar og huslydane dykkar og kom til meg. Så skal eg gje dykk det beste landet i Egypt, og de skal eta av det feitaste i landet.

19. Du skal by dei å gjera dette: Ta med vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Hent far dykkar og kom hit!

20. De skal ikkje bry dykk om tinga de eig, for det beste i heile Egypt skal høyra dykk til.»

21. Israels søner gjorde så. Josef gav dei vogner, slik farao hadde sagt, og mat på vegen.

22. Han gav nye klede til kvar av dei. Til Benjamin gav han tre hundre sjekel sølv og fem klesskift.

1. Mosebok 45