1. Mosebok 45:24-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Så sende han brørne sine av garde. Då dei drog, sa han: «De må ikkje krangla på vegen!»

25. Dei drog opp frå Egypt og kom til far sin, Jakob, i Kanaan.

26. Dei fortalde: «Josef lever. Han er styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjartet, for han trudde dei ikkje.

27. Då fortalde dei han alt det Josef hadde sagt dei, og han fekk sjå vognene som Josef hadde sendt for å henta han. Då livna Jakob til.

1. Mosebok 45