1. Mosebok 42:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk! Tenarane dine er ikkje spionar.»

12. Men han svara dei: «Jau, de er komne for å sjå kvar landet ligg ope.»

13. Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til ein og same mannen i Kanaan. Den yngste er hos far vår i dag, og ein er ikkje meir.»

14. Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar!

15. Slik skal de bli sette på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit!

16. Lat ein av dykk reisa og henta bror dykkar, medan de andre blir verande her som fangar. Slik skal det prøvast om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så sant som farao lever.»

17. Så heldt han dei i forvaring i tre dagar.

18. Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer de som eg seier, skal de få leva, for eg fryktar Gud.

19. No får vi sjå om de er ærlege. Ein av brørne dykkar skal vera att i forvaring medan de andre skal dra i veg med korn til dei som svelt heime hos dykk.

20. Kom så hit til meg med yngste bror dykkar. Då er ordet dykkar til å lita på, og de skal sleppa å døy.» Og såleis gjorde dei.

21. Dei sa til kvarandre: «Sanneleg, vi er skuldige! Vi såg at bror vår var i stor naud då han bad oss om nåde, men vi høyrde ikkje på han. Difor er vi òg no komne i naud.»

22. Ruben svara dei: «Sa eg ikkje at de ikkje måtte gjera guten noko vondt? Men de ville ikkje høyra, så no blir det kravd hemn for blodet hans.»

23. Dei visste ikkje at Josef skjøna dette, for han brukte tolk.

1. Mosebok 42