1. Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og ser på kvarandre?
2. Eg høyrer», sa han, «at det er korn i Egypt. Dra dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan leva og ikkje døy!»
3. Ti av brørne til Josef drog då for å kjøpa korn i Egypt.
4. Men Jakob sende ikkje Benjamin, bror til Josef, av stad med brørne, for han sa: «Han kunne bli ramma av ei ulukke.»
5. Såleis var Israels søner blant dei som kom for å kjøpa korn, for det var hungersnaud i Kanaan.
6. No var det Josef som styrte landet, og det var han som selde korn til folket der. Brørne til Josef kom og kasta seg ned for han med andletet mot jorda.
7. Då Josef såg brørne sine, kjende han dei att, men han lét som om han ikkje kjende dei. Han tala strengt til dei: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå landet Kanaan for å kjøpa mat.»
8. Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han.
9. Han kom i hug draumane han hadde hatt om dei, og sa: «De er spionar! De er komne for å sjå kvar landet ligg ope.»
10. «Nei, herre», svara dei, «tenarane dine er komne for å kjøpa mat.
11. Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk! Tenarane dine er ikkje spionar.»
12. Men han svara dei: «Jau, de er komne for å sjå kvar landet ligg ope.»