14. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.»
15. Men Herren sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han.
16. Så drog Kain bort frå Herren og busette seg i landet Nod, austafor Eden.
17. Kain var saman med kvinna si, og ho vart med barn og fødde Henok. Så bygde han ein by og gav han namn etter Henok, son sin.
18. Henok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael vart far til Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.
19. Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.
20. Ada fødde Jabal. Han vart stamfar til dei som bur i telt og held buskap.
21. Bror hans heitte Jubal. Han vart stamfar til alle dei som spelar på lyre og fløyte.