24. Tre månader seinare vart det sagt til Juda: «Tamar, svigerdotter di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!»
25. Men då ho vart ført ut, sende ho bod til svigerfar sin: «Eg er med barn med den mannen som eig alt dette. Sjå etter kven det er som eig dette seglet, snorene og staven!»
26. Juda kjende dei att og sa: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje gjeve henne til Sjela, son min.» Sidan hadde han ikkje omgang med henne.