1. Mosebok 36:31-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge over Israel:

32. Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba.

33. Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han.

34. Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han.

35. Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit.

1. Mosebok 36