3. og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot.
4. Ada fødde Esau sonen Elifas, og Basmat fødde Re'uel;
5. Oholibama fødde Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.
6. Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin.