1. Mosebok 36:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er slektshistoria til Esau, det vil seia Edom.

2. Esau tok seg koner mellom Kanaans døtrer: Ada, dotter til hetitten Elon, Oholibama, dotter til Ana, som var son til hevitten Sibon,

3. og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot.

4. Ada fødde Esau sonen Elifas, og Basmat fødde Re'uel;

5. Oholibama fødde Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.

6. Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin.

1. Mosebok 36