6. Jakob kom til Lus i Kanaan, det er Betel, han og alt folket som var med han.
7. Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel, for der hadde Gud openberra seg for han då han rømde frå bror sin.
8. Debora, amma til Rebekka, døydde og vart gravlagd nedanfor Betel, under eika; den kalla dei Gråteeika.
9. Etter at Jakob var komen heim frå Paddan-Aram, synte Gud seg på nytt for han og velsigna han.
10. Gud sa til han:«Namnet ditt er Jakob.Men no skal du ikkje lenger heita Jakob;Israel skal vera namnet ditt.»Slik fekk han namnet Israel.
11. Så sa Gud til han:«Eg er Gud, Den veldige.Ver fruktbar og bli talrik!Eit folk, ja, mange folkeslagskal stamma frå deg,det skal vera kongar mellom etterkomarane dine.
12. Det landet eg gavtil Abraham og Isak,gjev eg deg.Til di ætt etter deggjev eg landet.»
13. Så fór Gud opp frå han, frå den staden der han hadde tala med han.
14. Jakob reiste ei støtte på denne staden, ei støtte av stein. Han auste drikkoffer på steinen og slo olje over han.
15. Og Jakob kalla staden der Gud hadde tala med han, Betel.
16. Så tok dei ut frå Betel. Då dei endå hadde eit stykke att til Efrat, fødde Rakel eit barn. Det var ein hard fødsel.
17. Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.»
18. Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin.