3. Vi skal bryta opp og dra til Betel! Der vil eg byggja eit altar for Gud, han som svara meg den dagen eg var i naud, og som var med meg på vegen.»
4. Då gav dei Jakob alle dei framande gudane dei hadde hos seg, og ringane som dei hadde i øyra, og Jakob gøymde alt under eika som står ved Sikem.
5. Då dei braut opp, kom ei redsle frå Gud over byane der omkring, så ingen sette etter sønene til Jakob.
6. Jakob kom til Lus i Kanaan, det er Betel, han og alt folket som var med han.
7. Der bygde han eit altar og kalla staden El-Betel, for der hadde Gud openberra seg for han då han rømde frå bror sin.
8. Debora, amma til Rebekka, døydde og vart gravlagd nedanfor Betel, under eika; den kalla dei Gråteeika.
9. Etter at Jakob var komen heim frå Paddan-Aram, synte Gud seg på nytt for han og velsigna han.
10. Gud sa til han:«Namnet ditt er Jakob.Men no skal du ikkje lenger heita Jakob;Israel skal vera namnet ditt.»Slik fekk han namnet Israel.
11. Så sa Gud til han:«Eg er Gud, Den veldige.Ver fruktbar og bli talrik!Eit folk, ja, mange folkeslagskal stamma frå deg,det skal vera kongar mellom etterkomarane dine.
12. Det landet eg gavtil Abraham og Isak,gjev eg deg.Til di ætt etter deggjev eg landet.»