1. Gud sa til Jakob: «Bryt opp, dra til Betel og slå deg ned der! Der skal du byggja eit altar for Gud, han som synte seg for deg då du rømde frå Esau, bror din.»
2. Då sa Jakob til sitt hus og til alle dei som var med han: «Få bort dei framande gudane som finst hos dykk, reins dykk og skift klede!
3. Vi skal bryta opp og dra til Betel! Der vil eg byggja eit altar for Gud, han som svara meg den dagen eg var i naud, og som var med meg på vegen.»
4. Då gav dei Jakob alle dei framande gudane dei hadde hos seg, og ringane som dei hadde i øyra, og Jakob gøymde alt under eika som står ved Sikem.
5. Då dei braut opp, kom ei redsle frå Gud over byane der omkring, så ingen sette etter sønene til Jakob.