1. Mosebok 31:31-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Jakob svara Laban: «Eg var redd. Eg tenkte du kunne ta døtrene dine frå meg med makt.

32. Men den du finn gudane dine hos, skal mista livet. Her framfor slektningane våre kan du sjølv sjå etter kva eg har med meg, og ta det som høyrer deg til!» Jakob visste ikkje at Rakel hadde stole dei.

33. Laban gjekk inn i teltet til Jakob og i telta til Lea og dei to slavekvinnene, men fann ikkje noko. Så gjekk han ut av teltet til Lea og inn i teltet til Rakel.

34. Rakel hadde teke terafane, lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Laban saumfór heile teltet, men fann ingen ting.

35. Då sa Rakel til far sin: «Herren min må ikkje bli sint, men eg kan ikkje reisa meg for deg, for eg har det på kvinners vis.» Så leita han, men terafane fann han ikkje.

1. Mosebok 31