1. Mosebok 30:26-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent deg for, så eg kan dra. For du veit korleis eg har arbeidd for deg.»

27. Då sa Laban: «Om du berre ville sjå på meg med velvilje! Spådomsteikna viser meg at det er for di skuld Herren har velsigna meg.»

28. Han heldt fram: «Sei kva du skal ha i løn hos meg, så skal eg gje deg det!»

29. Jakob svara: «Du veit korleis eg har arbeidd for deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han.

30. For det vesle du hadde før eg kom, har vakse og vorte til mykje. Der eg sette min fot, har Herren velsigna deg. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?»

31. Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg noko. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjeta småfeet ditt og sjå etter det.

32. I dag vil eg gå gjennom alt småfeet ditt og skilja ut alle dei flekkete og spraglete lamma, alle dei mørke lamma og dei geitene som er flekkete og spraglete. Det skal vera løna mi.

33. Når du ein dag kjem for å sjå over løna mi, skal min ærlegdom vitna for meg. Finst det ei geit hos meg som ikkje er flekkete eller spraglete, eller ein sau som ikkje er mørk, så er dei stolne.»

34. Då svara Laban: «Godt! Lat det vera som du seier.»

35. Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spraglete, alle geitene som var flekkete og spraglete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei mørke sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei.

36. Så la han tre dagsreiser mellom seg og Jakob, medan Jakob gjette resten av småfeet hans.

37. Men Jakob fann seg friske kjeppar av poppel, mandeltre og lønnetre og flekte borken av dei i striper så den kvite veden kom til syne.

1. Mosebok 30