1. Mosebok 3:8-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen.

9. Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?»

10. Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.»

11. Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»

12. Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.»

13. Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»

14. Då sa Herren Gud til slangen:«Forbanna er du,utstøytt frå alt fe og alle ville dyrfordi du gjorde dette.På buken skal du krypa,og støv skal du eta alle dine levedagar.

15. Eg vil setja fiendskapmellom deg og kvinna,mellom di ætt og hennar ætt.Han skal råka hovudet ditt,men du skal råka hælen hans.»

16. Til kvinna sa han:«Tungt vil eg gjera ditt strevnår du er med barn,med smerte skal du føda.Etter mannen din skal du trå,og han skal herska over deg.»

17. Og til mannen sa han:«Fordi du høyrde på kvinnaog åt av treetsom eg forbaud deg å eta av,er jorda forbanna for di skuld.Med strev skal du næra deg av hennealle dine levedagar.

18. Ho skal la torn og tistel spira fram for deg,og du skal eta det som veks på marka.

19. Med sveitte i andletetskal du eta ditt brød,heilt til du vender attende til jorda,for av henne er du teken.Støv er du,og til støv skal du venda attende.»

20. Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever.

1. Mosebok 3