1. Mosebok 28:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kalla Isak Jakob til seg. Han velsigna han og gav han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan!

2. Dra straks til Paddan-Aram, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone blant døtrene til Laban, morbror din.

3. Måtte Gud, Den veldige, velsigna deg og gjera deg fruktbar og talrik så du blir til ei forsamling av mange folk.

4. Måtte han gje deg og ætta di Abrahams velsigning så du kan ta i eige det landet du bur i som innflyttar, landet som Gud gav Abraham.»

5. Så sende Isak Jakob i veg, og han drog til Paddan-Aram, til aramearen Laban, son til Betuel. Han var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau.

6. Esau skjøna at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Paddan-Aram for å ta seg ei kone der. Han hadde velsigna han og gjeve han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan.»

7. Jakob hadde høyrt på far sin og mor si og reist til Paddan-Aram.

1. Mosebok 28