1. Mosebok 2:6-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata.

7. Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.

8. Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma.

9. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.

10. Ei elv går ut frå Eden og vatnar hagen. Derifrå deler ho seg i fire greiner.

11. Den første heiter Pisjon. Det er den som går rundt heile landet Havila, der det finst gull.

12. Gullet i det landet er godt. Det finst bedolah-kvae og onyks-stein der.

13. Den andre elva heiter Gihon. Det er den som går rundt heile landet Kusj.

14. Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.

15. Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han.

16. Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: «Du må gjerne eta av alle trea i hagen.

17. Men av treet til kunnskap om godt og vondt må du ikkje eta. For den dagen du et av det, skal du døy.»

18. Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.»

19. Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn.

20. Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag.

1. Mosebok 2