1. Mosebok 2:14-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat.

15. Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han.

16. Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: «Du må gjerne eta av alle trea i hagen.

17. Men av treet til kunnskap om godt og vondt må du ikkje eta. For den dagen du et av det, skal du døy.»

18. Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.»

19. Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn.

20. Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag.

21. Då lét Herren Gud ein djup søvn koma over mannen. Medan han sov, tok han eit sidebein og fylte att med kjøt.

22. Av sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen.

23. Då sa mannen:«No er det bein av mine beinog kjøt av mitt kjøt.Ho skal kallast kvinne,for av mannen er ho teken.»

24. Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.

1. Mosebok 2