1. Mosebok 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så var himmelen og jorda fullførte, med heile sin hær.

2. Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort.

3. Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte.

4. Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid Herren Gud hadde laga jorda og himmelen.

5. Det fanst ikkje ein busk på jorda, og endå hadde inga plante spirt fram på marka. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ingen menneske til å dyrka henne.

6. Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata.

7. Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.

8. Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma.

9. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.

10. Ei elv går ut frå Eden og vatnar hagen. Derifrå deler ho seg i fire greiner.

11. Den første heiter Pisjon. Det er den som går rundt heile landet Havila, der det finst gull.

12. Gullet i det landet er godt. Det finst bedolah-kvae og onyks-stein der.

1. Mosebok 2