18. Men Lot svara dei: «Å nei, herre!
19. Sjå, tenaren din har funne nåde for dine auge. Du har vore svært god og berga livet mitt. Men eg kan ikkje rømma til fjells. For då kunne ulukka ramma meg så eg måtte døy.
20. Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan rømma dit, og han er så liten. Lat meg få rømma dit så eg kan berga livet! Byen er då så liten.»
21. Då sa han: «Ja, eg gjer som du vil i dette òg. Den byen du nemner, skal eg ikkje øydeleggja.
22. Skund deg, røm dit! For eg kan ikkje gjera noko før du er komen dit.» – Difor heiter byen Soar.
23. Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.
24. Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.
25. Han øydela desse byane, heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka.
26. Men kona til Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ei saltstøtte.
27. Tidleg om morgonen skunda Abraham seg til den staden der han hadde stått framfor Herrens andlet.
28. Då han såg ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, fekk han sjå at det steig røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.
29. Den gongen då Gud gjorde ende på byane på sletta, kom han Abraham i hug. Gud henta Lot rett ut frå øydeleggingane som han sende over dei byane Lot hadde budd i.
30. Lot drog opp frå Soar og busette seg i fjellandet saman med dei to døtrene sine, for han var redd for å bu i Soar. Han budde i ei hòle, han og dei to døtrene.
31. Den eldste dottera sa til den yngste: «Far vår er gammal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan gå inn til oss på vanleg måte.
32. Kom, lat oss skjenkja far vår vin og liggja med han, så vi kan halda liv i ætta til far!»
33. Og dei skjenkte vin til far sin same natta, og den eldste gjekk inn og låg med far sin. Han merka ikkje at ho la seg, og ikkje at ho stod opp.