1. Mosebok 18:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Han sa: «Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltopninga, som var rett bak han.

11. Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis.

12. Difor lo Sara med seg sjølv: «Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er? Og herren min er òg gammal.»

13. Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er?

14. Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.»

15. Sara nekta: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»

16. Mennene braut opp og vende blikket mot Sodoma. Abraham gjekk med for å sjå dei vel av stad.

17. Då tenkte Herren: «Skulle eg løyna for Abraham det eg vil gjera?

18. Abraham skal då bli til eit stort og mektig folk, og i han skal alle folkeslag på jorda velsignast.

19. Eg har valt han ut for at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera det som er rett og rettferdig. Då kan Herren gje Abraham det han har lova han.»

20. Og Herren sa: «Høgt er klageropet over Sodoma og Gomorra, for synda der er svært stor.

21. Klageropet har nådd meg. No vil eg stiga ned og sjå om dei verkeleg har handla så ille, og har dei ikkje det, vil eg vita det.»

1. Mosebok 18