1. Mosebok 18:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren synte seg for Abraham i eikelunden i Mamre ein gong han sat i teltopninga då dagen var på det varmaste.

2. Han såg opp og fekk auge på tre menn som stod framfor han. Då han såg dei, sprang han til møtes med dei frå teltopninga, bøygde seg til jorda

3. og sa: «Herre, dersom eg har funne nåde for auga dine, så gå ikkje forbi tenaren din!

4. Lat meg henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet!

5. Og lat meg henta litt mat, så de kan styrkja dykk før de dreg vidare, sidan de no har lagt vegen forbi tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!»

6. Då skunda Abraham seg inn i teltet til Sara og sa: «Skund deg og kna tre sea fint mjøl og bak brødleivar!»

7. Sjølv sprang han bort til storfeet og henta ein fin og god kalv. Den gav han til tenesteguten, som skunda seg og laga han til.

8. Så tok han rømme og mjølk og den kalven som guten hadde gjort i stand, og sette det fram for dei. Og han vart ståande hos dei under treet medan dei åt.

9. Då sa dei til han: «Kvar er Sara, kona di?» Abraham svara: «Der inne i teltet.»

1. Mosebok 18