14. Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte.
15. Sjølv skal du gå til fedrane dine i fred, i høg alder skal du bli gravlagd.
16. I det fjerde slektsleddet skal dei koma tilbake hit. For syndeskulda til amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»
17. Sola gjekk ned, og det vart mørkt. Og sjå, ein rykande omn kom til syne, og ein flammande fakkel fór mellom kjøtstykka.
18. Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva heilt til Storelva, Eufrat,