1. Mosebok 13:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Ligg ikkje heile landet ope framfor deg? Skil heller lag med meg! Tek du til venstre, dreg eg til høgre, og tek du til høgre, dreg eg til venstre.»

10. Lot lyfte auga og såg at heile Jordan-sletta var rik på vatn. Heilt til Soar var ho som Herrens hage, som landet Egypt. Dette var før Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.

11. Så valde Lot seg heile Jordan-sletta og tok ut mot aust. Slik skildest dei frå kvarandre.

12. Abram busette seg i landet Kanaan, medan Lot busette seg i byane på sletta og flytte med telta sine heilt til Sodoma.

13. Menneska i Sodoma var vonde og synda grovt mot Herren.

14. Herren sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft auga og sjå deg omkring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest!

15. For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid.

16. Eg lèt ætta di bli som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt òg kunna teljast.

17. Stå opp og dra gjennom landet på langs og på tvers! For det er deg eg vil gje det til.»

18. Sidan flytte Abram omkring med telta sine. Han kom til Mamres eikelund ved Hebron. Der slo han seg ned og bygde eit altar for Herren.

1. Mosebok 13