1. Mosebok 12:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg!

2. Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.

3. Eg vil velsigna dei som velsignar deg,men den som forbannar deg, skal eg forbanna.I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»

4. Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran.

5. Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alle eigedelane dei hadde samla seg, og folka dei hadde skaffa seg i Harran. Dei braut opp for å dra til landet Kanaan.Då dei kom til Kanaan,

6. drog Abram gjennom landet heilt til den heilage staden Sikem, til More-eika. Den gongen budde kanaanearane i landet.

7. Herren synte seg for Abram og sa: «Eg vil gje dette landet til di ætt.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.

8. Derifrå flytte han opp i fjellandet aust for Betel og slo opp teltet sitt mellom Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn.

9. Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.

10. Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet.

1. Mosebok 12