1. Mosebok 11:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Heile verda hadde same språk og same ord.

2. Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der.

3. Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med.

4. «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»

1. Mosebok 11