1. Mosebok 10:2-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras.

3. Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.

4. Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.

5. Frå dei har folkeslaga på fjerne kystar breidd seg ut i sine land, kvart med sitt språk, slekt for slekt, folkeslag etter folkeslag.

6. Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.

7. Kusj hadde sønene Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.

8. Kusj vart far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda.

9. Han vart ein veldig jeger for Herrens andlet. Difor heiter det: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens andlet.»

10. Først omfatta kongedømet hans Babel, Erek, Akkad og Kalne i landet Sinear.

11. Frå dette landet drog han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah

12. og Resen mellom Ninive og Kalah, det er den store byen.

13. Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,

1. Mosebok 10