6. Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.»
7. Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.
8. Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.
9. Gud sa: «Vatnet under himmelen skal samla seg på éin stad! Det tørre landet skal koma til syne.» Og slik vart det.
10. Gud kalla det tørre landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.
11. Gud sa: «Jorda skal bli grøn! Grøne vekstar skal gro på jorda, planter som set frø, og frukttre som ber frukt med frø i, av alle slag.» Og slik vart det.
12. Jorda bar fram grøne vekstar, planter som set frø, av alle slag, og tre som ber frukt med frø i, av alle slag. Og Gud såg at det var godt.
13. Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.
14. Gud sa: «Det skal bli lys på himmelkvelven til å skilja dag frå natt! Dei skal vera teikn for høgtider, dagar og år.
15. Dei skal vera lys på himmelkvelven og skina over jorda.» Og slik vart det.
16. Gud laga dei to store lysa, det største lyset til å herska over dagen og det minste til å herska over natta, og stjernene.
17. Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa over jorda,
18. til å herska over dagen og over natta og til å skilja lyset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt.