1. Krønikebok 9:19-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og slektningane hans, Korah-sønene, som høyrde til same familien som han, hadde som si teneste å vera dørvaktarar ved teltet; fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.

20. Pinhas, son til Elasar, hadde vore leiaren deira. Herren var med han.

21. Sakarja, son til Mesjelemja, var dørvaktar ved inngangen til teltheilagdomen.

22. Desse som var utvalde til å vera dørvaktarar, var i alt 212 mann. Dei var oppskrivne i slektsregister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.

23. Dei og sønene deira skulle halda vakt avdelingsvis ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.

24. Dørvaktarane stod på post vende mot dei fire vindretningane, mot aust, vest, nord og sør.

25. Slektningane deira i landsbyane ikring skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.

26. Fordi dei var trufaste, hadde desse fire, som var levittar, vorte innsette som leiarar for portvaktene. Tempelromma og skattkammera i Guds hus vakta dei òg.

27. Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var deira plikt å halda vakt og opna portane kvar morgon.

28. Nokre av dei hadde tilsyn med dei gjenstandane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.

29. Andre var sette til å ta vare på det vanlege utstyret og det heilage utstyret, det fine mjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamen.

30. Nokre av prestane laga blandinga til den velluktande balsamen.

31. Mattitja, ein av levittane, den førstefødde sonen til Sjallum av Korah-slekta, var tiltrudd tilsynet med brødbakinga.

32. Og nokre av slektningane deira frå Kehat-slekta hadde ansvaret for tilsynet med skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat.

33. Så var det tempelsongarane, leiarar for levittfamiliane. Dei heldt til i tempelromma og var fritekne for alle andre tenester, for dei laut gjera teneste dag og natt.

34. Dette var leiarane for levittfamiliane, hovdingar etter slektshistoria si. Dei budde i Jerusalem.

35. I Gibeon budde Je'uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Maaka.

36. Den førstefødde sonen hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Baal, Ner, Nadab,

1. Krønikebok 9